Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorUlstein, Synne Marie L.
dc.date.accessioned2024-07-18T07:33:15Z
dc.date.available2024-07-18T07:33:15Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3142093
dc.description.abstractLeiingsfaget har forandra seg stort gjennom tidene. Produksjonen i ei bedrift vart tidlegare sett på som maskinelt eller automatisk, noko ein mellom anna kjenner att i taylorismen, eller Scientific Manangement, som la særskild sterkt fokus på spesialisering og nøye inndeling av oppgåver (Jacobsen & Thorsvik, 2019, s. 71). Desse teoriane la lite vekt på menneskelege faktorar, utanom kven som var spesialiserte i kva, og som dermed passa til særskilde oppgåver. I moderne tid er det forska fram fleire teoriar som òg tek omsyn til kompleksiteten i samansetjinga av menneske. Situasjonsbasert leiing (Jacobsen & Thorsvik, 2019, s. 417) er ein av desse teoriane, og det er dette teoretiske perspektivet oppgåva baserer seg på. Oppgåva tek sikte på å djupare utforske korleis situasjonsbasert leiing vert nytta i teamarbeid, frå leiarens perspektiv. Problemstillinga eg har valt er difor: Korleis nyttar grasrotleiarar situasjonsbasert leiing i utviklinga av teamarbeid? For å kunne svare på problemstillinga, har eg formulert tre forskingsspørsmål som hjelpande verktøy. Forskingsspørsmåla er: - Oppstår det situasjonar i teamet som gjer at leiaren opptrer ulikt? - Kva kjenneteiknar eit godt team? - Kva utfordringar møter leiaren når han jobbar med teamutvikling?en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.titleTeamutvikling på grasrotnivå. Eit studie av situasjonsbasert leiing i moderne teamarbeiden_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber35en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Planlegging og administrasjon [15]
    I denne samlinga finst bacheloroppgåver frå planlegging og administrasjon som har fått karakteren A eller B.

Vis enkel innførsel