dc.description.abstract | Utforsking som arbeidsmetode har fått ein styrka plass i den gjeldande læreplanen i norskfaget. Ein av tematikkane elevane skal utforske er språk. I tillegg viser forsking at læreboka har ein sentral plass i dagens skule. Føremålet med denne masteroppgåva er difor å undersøke korleis ulike læreverk legg opp til at elevane får arbeide utforskande med språk, og korleis dette heng saman med føringane som kjem fram i læreplanen. Problemstillinga er som følgjer: På kva måte legg eit utval av læreverk på 7. trinn opp til ei utforskande tilnærming til språk i tråd med LK20?
For å svare på problemstillinga har eg gjennomført to innhaldsanalysar – ein læreplananalyse og ein læreverkanalyse. Læreplananalysen er gjennomført ved å søke etter utvalde ord knytt til utforsking i læreplandokumentet, for så å trekke ut dei føringane som er knytt til språk. I tillegg har eg gjort ei heilskapleg gjennomlesing av teksten. I læreverkanalysen har eg studert læreverka Norsk, Ordriket og Salto, og analyseeininga har vore oppgåvene i språkkapitla. Analysen er gjennomført i to omgangar. I første omgang brukte eg ein revidert versjon av Bakken og Andersson-Bakken (2021b, 2021c) sitt rammeverk for å kome fram til dei utforskande oppgåvene, og for å sjå kor stor del av oppgåvene desse utgjer. I andre omgang, analyserte eg dei utforskande oppgåvene vidare, og eg har med dette forsøkt å kome fram til nokre kjenneteikn på dei utforskande oppgåvene. I tillegg har eg undersøkt korleis lærarrettleiingane bidreg til den utforskande tilnærminga.
Analysane viser at læreplanen legg opp til at elevane skal arbeide utforskande med språk, og at læreverka operasjonaliserer dette på ulike måtar og i ulik grad. Totalt sett finn eg at 16% av oppgåvene i språkkapitla er utforskande. I tillegg ser det ut til at lærarrettleiingane legg til rette for enda meir utforskande arbeid, og ein kan dermed hevde at potensialet for utforskande arbeid med utgangspunkt i læreverka er stort. Korleis det vert lagt opp til utforskande arbeid varierer, noko som reflekterer læreplanen sine vage føringar for kva utforsking av språk eigentleg inneber. Samstundes er der nokre fellestrekk mellom oppgåvene i læreverka. Eit sentralt funn er at dei fleste utforskande oppgåvene legg opp til at elevane skal innhente ytterlegare informasjon om ein tematikk. Utanom dette skal elevane utforske språk ved å prøve ut, undersøke, produsere, samanlikne og reflektere. | en_US |
dc.description.abstract | Abstract
Exploration as a working method has gained a stronger place in the current curriculum for the Norwegian subject. One of the topics that the curriculum encourages students to learn about through active exploration, is language. In addition, research shows that the textbook has a central place in many classrooms. The purpose of this master's thesis is therefore to examine how various textbooks can lead to an exploratory approach to language, and how this relates to the guidelines that appear in the curriculum. The research question of this thesis is: In what way do a selection of textbooks in 7th grade lead to an exploratory approach to language in line with LK20?
To answer this question, I have carried out two content analyses – one analysis of the curriculum and one analysis of three textbooks. The curriculum analysis is done by searching for specific words linked to exploration in the curriculum document, and then extracting the guidelines linked to language. In addition, I have done a holistic reading of the text. In the textbook analysis, I have studied the textbooks Norsk, Ordriket and Salto, and the unit of analysis has been the tasks in the language chapters. The analysis has been carried out in two rounds. In the first round, I used a revised version of Bakken and Andersson-Bakken's (2021b, 2021c) framework to separate the exploratory tasks from the rest. This also gave me the opportunity to see what proportion of the tasks these represented. In the second round, I analysed the exploratory tasks further, and with this I have tried to come up with some characteristics of the exploratory tasks. In addition, I have also examined how the teacher`s guides lead to an exploratory approach.
The analyses show that the curriculum requires the pupils to work exploratorily with language, and that the textbooks operationalize this in different ways and to varying degrees. Overall, I find that 16% of the tasks in the language chapters are exploratory. In addition, it seems like the teacher`s guides lead to even more exploratory work. One can thus claim that the potential for exploratory work in the textbooks is good. What the explorative tasks ask the pupils to do varies, which reflects the curriculum's vague guidelines for what language exploration entails. At the same time, there are some common features between the tasks in the textbooks. A key finding is that most of the exploratory tasks require the students to obtain additional information about a topic. Apart from this, the tasks ask the pupils to explore language by trying out, investigating, producing, comparing languages, and by reflecting. | en_US |