Barns rett til medverknad – ein demokratisk verdi? Ei kvalitativ studie med fokus på kommunikasjon mellom pedagogen og barna i planlagde læringsaktivitetar i barnehagen
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/153896Utgivelsesdato
2012Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Summary
This study is about the right of children to participate. The purpose of the study is to study how the teacher arranges for the children to express themselves, in a way they becomes more involved in learning activities in kindergarten. Research question I have tried to answer is: "What characterizes the communication between the children and teacher in the planned learning activities in kindergarten?" In this study, the democratic nature of the practice of children's right to participation is emphasized, and democratic thinking is seen as a prerequisite for children's participation. Theory section highlights thus both democratic thinking that an overall perspective and specific element of communication that are central to research question. The study is based on a qualitative approach and observation method. I have used unstructured observation without defined categories in advance and been so open to new patterns or other elements than those I knew about already. Observation was conducted at eight planned learning activities, divided into two teachers and small groups of children aged 4-5 years. My findings can be interpreted that children's right to participation set child's perspective in focus of learning activities among the oldest children in the kindergarten. The children's needs and wishes get an important role, and questions, clarifications and confirmations are key elements in the communication between educators and children. Educator uses little dissemination, extensions and suggestions on the topic, and educator's role as a knowledge intermediary, interpreted as obscured in the learning activities. The study shows the element of communication that can, on the basis of both theory and empirical evidence, look to have significance for children's participation in learning activities. The democratic aspect is emphasized in the study and highlights the meaning of the educator conscious attitude as a pervasive element in relation to what one wants to achieve and how. Educators show interest in child's perspective. At the same time, both time for reflection and emphasis on contrast and diversity that are in the group of children, are little used. The study highlights the need to discuss the concept of children's participation, in terms of what are the reasons when it is expressed as a democratic value, and what significance it will have for the work in kindergartens and competencies required. Samandrag
Denne oppgåva tek for seg barns rett til medverknad. Formålet med studie er å studere korleis pedagogen legg til rette for at barna skal få uttrykkje seg, på ein slik måte dei vert meir delaktige ved læringsaktivitetar i barnehagen. Problemstillinga eg har prøvd å få svar på er; ”Kva kjenneteiknar kommunikasjonen mellom barna og pedagogen i planlagde læringsaktivitetar i barnehagen?” I denne studie er det demokratiske aspektet ved praktisering av barns rett til medverknad lagt vekt på, og demokratisk tenking vert sett på som ein føresetnad for barns medverknad. Teoridelen belyser dermed både demokratisk tenking som eit overordna perspektiv, og konkrete element i kommunikasjon som er sentrale i høve problemstillinga. Studie bygg på ei kvalitativ tilnærming og observasjon som metode. Eg har nytta ustrukturert observasjon utan definerte kategoriar på førehand, og slik vore open for nye mønster eller andre element enn dei eg hadde kjennskap til frå før. Observasjon vart gjennomført ved åtte planlagde læringsaktivitetar, fordelt på to pedagogar og små grupper med barn i alderen 4-5 år. Mine funn kan tolkast dit at barns rett til medverknad sett barns perspektiv i fokus ved læringsaktivitetar ved dei eldste barna i barnehagen. Barna sine behov og ynskjer får ei viktig rolle, og spørsmål, avklaringar og stadfestingar vert sentrale element i kommunikasjonen mellom pedagogane og barna. Pedagogane nyttar lite formidling, utvidingar og innspel på tema, og pedagogane si rolle som kunnskapsformidlar tolkast som utydeleg i læringsaktivitetane. Studien syner element i kommunikasjonen som kan, på bakgrunn av både teori og empiri, sjå ut til å ha betyding for barns medverknad i læringsaktivitetane. Det demokratiske aspektet er vektlagt i studie, og belyser betydinga av pedagogen si bevisste haldning som eit berande element i høve til kva ein vil oppnå og korleis. Pedagogane syner interesse for barns perspektiv, samstundes som bruk av tid til refleksjon, og vektlegging av motsetnadar og mangfaldet som er i barnegruppa er lite nytta. Studie belyser behovet for å drøfte omgrepet barns medverknad, i høve kva som ligg til grunn når det vert formulert som ein demokratisk verdi, og kva betyding det vil ha for arbeidet i barnehagane og kompetansen som krevjast.