Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal. Ei undersøking blant offentlege og private bedrifter hausten 2009
Abstract
Ei av de største utfordringane for utviklinga av næringslivet i Møre og Romsdal er tilgang på kompetent arbeidskraft. Både i privat og offentleg sektor har ein gått nye vegar for å rekruttere arbeidskraft. Møre og Romsdal fylke ønskte derfor, i samarbeid med NAV, å skaffe seg eit betre bilete av situasjonen i fylke, både med tanke på kva som er situasjonen i dag og korleis den blir vurdert framover. Dette har resultert i rapporten Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal.
Rapporten er bygd opp med ein kort tekstdel, som for det første dreg opp nokre perspektiv med tanke på rekruttering av arbeidskraft i Møre og Romsdal. Vidare gir tekstdelen ein oversikt over funna i undersøkinga. Resten av rapporten er ein dokumentasjonsdel. Denne består av figurar som viser resultat frå undersøkinga, følgt opp med korte kommentarar. Desse er lagt opp for presentasjon i powerpoint.
Gjennomføringa av prosjektet har vore avhengig av at private og offentlege bedrifter har stilt opp for å svare på spørsmåla våre. Takk til alle dei bedriftsrepresentantane som velvillig let seg intervjue. Vi håpar at informasjonen som er henta inn gjennom prosjektet skal vere til nytte i arbeidet rundt rekruttering av ny arbeidskraft til arbeidsplassar i Møre og Romsdal, både i privat og offentleg sektor.