• norsk
    • English
  • norsk 
    • norsk
    • English
  • Logg inn
Vis innførsel 
  •   Hjem
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Media Practices (tidl. Dokumentar og journalistikk)
  • Vis innførsel
  •   Hjem
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Media Practices (tidl. Dokumentar og journalistikk)
  • Vis innførsel
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Musikk i dokumentarfilm. Ein estetisk fridom, eller ein etisk trussel?

Skeide, Stine Mari
Master thesis
Thumbnail
Åpne
master_SkeideSM.pdf (506.4Kb)
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2360357
Utgivelsesdato
2015
Metadata
Vis full innførsel
Samlinger
  • Media Practices (tidl. Dokumentar og journalistikk) [20]
Sammendrag
Denne masteroppgåva tek føre seg dokumentarfilmskaparar sin bruk av musikk i dokumentarfilm. Bruken av musikk i dokumentarfilm er, og har alltid vore, særs omdiskutert. Enno herskar det ulike praksisar og tilnærmingar til korleis musikk skal, eller kan, bli brukt i filmsjangeren, praksisar som spenner frå retten til å gjere ei kreativ behandling, eller kravet om å ikkje bryte det indeksikale og det naturalistiske. Av denne grunn er problemstillinga i oppgåva som følgjer: Korleis påverkar bruken av musikk dokumentarfilmsjangeren sin integritet og si truverd? For å belyse problemstillinga har eg nytta meg av kvalitative forskingsintervju med fem dokumentarfilmskaparar som held til i Cardiff, Wales. Gjennom ei analyse av dokumentarfilmskaparane sine haldningar og vurderingar av korleis og kvifor dei brukar musikk i filmane sine, har eg forsøkt å svare på om og korleis bruken av musikk i dokumentarfilm kan påverke filmen og filmskaparen sin integritet og si truverd. Påverknad frå fleire hald trugar måten og praksisen dokumentarfilmskaparar kan bruke ikkje-diegetisk musikk på. Tradisjonar frå direct cinema, cinema vèritè og dogme-rørsla avvis bruken av slik musikk, samstundes som samansmeltinga mellom dokumentarfilm og journalistikk har auka kravet om at lyd og bilete skal fungere som bevis for sanningsinnhaldet i filmen. Utfordringane er mange. Funna i analysen viser at dokumentarfilmskaparane meiner dei har rett til å bruke musikk sjølv om den er ikkje-diegetisk. Dei tek avstand frå purisme, og meiner dokumentarfilm er meir rekonstruert enn mange tilskodarar er overtydde om. Dokumentarfilm kan aldri vere ei sann spegling, eller ein presentasjon av verkelegheita; dokumentarfilm viser heller ein versjon av verkelegheita, deira versjon av verkelegheita. I prosessen med å vise deira versjon av sanninga blir musikk nytta som eit verkty; eitt av fleire verkty dokumentarfilmskaparen har til disposisjon når ho representerer, fortel og argumenterer.
Utgiver
Høgskulen i Volda

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit
 

 

Bla i

Hele arkivetDelarkiv og samlingerUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifterDenne samlingenUtgivelsesdatoForfattereTitlerEmneordDokumenttyperTidsskrifter

Min side

Logg inn

Statistikk

Besøksstatistikk

Kontakt oss | Gi tilbakemelding

Personvernerklæring
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Levert av  Unit