Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkeide, Stine Mari
dc.date.accessioned2015-11-13T12:54:56Z
dc.date.available2015-11-13T12:54:56Z
dc.date.issued2015
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2360357
dc.description.abstractDenne masteroppgåva tek føre seg dokumentarfilmskaparar sin bruk av musikk i dokumentarfilm. Bruken av musikk i dokumentarfilm er, og har alltid vore, særs omdiskutert. Enno herskar det ulike praksisar og tilnærmingar til korleis musikk skal, eller kan, bli brukt i filmsjangeren, praksisar som spenner frå retten til å gjere ei kreativ behandling, eller kravet om å ikkje bryte det indeksikale og det naturalistiske. Av denne grunn er problemstillinga i oppgåva som følgjer: Korleis påverkar bruken av musikk dokumentarfilmsjangeren sin integritet og si truverd? For å belyse problemstillinga har eg nytta meg av kvalitative forskingsintervju med fem dokumentarfilmskaparar som held til i Cardiff, Wales. Gjennom ei analyse av dokumentarfilmskaparane sine haldningar og vurderingar av korleis og kvifor dei brukar musikk i filmane sine, har eg forsøkt å svare på om og korleis bruken av musikk i dokumentarfilm kan påverke filmen og filmskaparen sin integritet og si truverd. Påverknad frå fleire hald trugar måten og praksisen dokumentarfilmskaparar kan bruke ikkje-diegetisk musikk på. Tradisjonar frå direct cinema, cinema vèritè og dogme-rørsla avvis bruken av slik musikk, samstundes som samansmeltinga mellom dokumentarfilm og journalistikk har auka kravet om at lyd og bilete skal fungere som bevis for sanningsinnhaldet i filmen. Utfordringane er mange. Funna i analysen viser at dokumentarfilmskaparane meiner dei har rett til å bruke musikk sjølv om den er ikkje-diegetisk. Dei tek avstand frå purisme, og meiner dokumentarfilm er meir rekonstruert enn mange tilskodarar er overtydde om. Dokumentarfilm kan aldri vere ei sann spegling, eller ein presentasjon av verkelegheita; dokumentarfilm viser heller ein versjon av verkelegheita, deira versjon av verkelegheita. I prosessen med å vise deira versjon av sanninga blir musikk nytta som eit verkty; eitt av fleire verkty dokumentarfilmskaparen har til disposisjon når ho representerer, fortel og argumenterer.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectfilmmusikknb_NO
dc.subjectdiegesisnb_NO
dc.subjectdiegetisk musikknb_NO
dc.subjectakkompagnementnb_NO
dc.subjecttonefølgjenb_NO
dc.subjectmedforteljande musikknb_NO
dc.subjectdokumentarfilmnb_NO
dc.subjectdokumentarfilmskapararnb_NO
dc.subject.ddc781.542
dc.subject.ddc070.18
dc.subject.ddc791.43612
dc.subject.ddc777.53
dc.titleMusikk i dokumentarfilm. Ein estetisk fridom, eller ein etisk trussel?nb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Media science and journalism: 310nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Movie and drama: 170::Movie science: 171nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Musicology: 110nb_NO
dc.source.pagenumber98 s.nb_NO
dc.subject.keyworddocumentary filmsen
dc.subject.keywordfilm makersen
dc.subject.keywordsound recordingsen


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel