«Eg kviler litt for mykje på at eg tenkjer at eg kan nynorsk.». Ei undersøking av kjennskap og haldningar til valfridomen i nynorsknorma hjå lærarstudentar med nynorskbakgrunn i Oslo og Trondheim
Master thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2415944Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Nynorsk skriftkultur [25]
Sammendrag
Denne masteroppgåva tek først og fremst føre seg normmedvit og normtryggleik hjå lærarstudentar som har vakse opp med nynorsk som hovudmål, men som har flytta til Oslo eller Trondheim for å ta lærarutdanning. I tillegg til å granske faktisk normkunnskap gjennom å teste dei konkreten ormvala informantane gjer når dei skriv, har eg intervjua eit utval av informantane om mellom anna haldningar til valfridomen innanfor norma og korleis valfridomen kan handterast didaktisk i ein undervisningssituasjon.
Forskingsspørsmåla har vore desse tre:
Korleis ser nynorsken til lærarstudentar med nynorskbakgrunn i Oslo og Trondheim ut?
Kva viser formvala deira om normkunnskap og normmedvit?
Kva haldningar har dei til den gjeldande nynorsknorma?
Mange av dei variablane eg har testa, er knytte til emne som blei drøfta i samband med revisjonen av nynorskrettskrivinga i 2012. Funna i studien min tyder på at normtryggleiken ikkje er på topp hjå dei fleste informantane. Alle gjer normbrot, og det er i somme tilfelle vanskeleg å sjå noko tydeleg system i normbrota. Samstundes finst det nokre variablar der ein kunne vente større variasjon, men der informantane gjer nett dei same, normrette vala. På haldningssida har hovudinformantane ulike meiningar om kva som for språksamfunnet generelt er best av ei vid eller ei stram norm, men alle trur likevel det er ein pedagogisk/didaktisk føremon for læring av nynorsk at norma er smal