Munnleg norsk og kinesiske studentar. Er studiekulturen frå heimlandet ei bru eller ein barriere i språklæringa?
Abstract
Få av dei 68 kinesiske studentane som tok NIS-eksamen ved HVO (1992-2014) oppnådde god kompetanse i munnleg norsk, målt i eksamenskarakterar på trinn 3.
Prosjektet (1991-2014) var tredelt: Alle studentane hadde ein karakter i engelsk frå høgre utdanning, og eg ville undersøke om læringsstrategiar og motivasjon i engelsklæringa i Kina hadde påverka norsklæringa når det galdt munnleg norskkompetanse. Eit anna spørsmålvar: kva var gode strategiar/kva «lønte seg» for å oppnå ein god engelskkarakter i heimlandet? For dei kinesiske studentane var det nytt i andrespråkslæringa her at dei skulle ta munnleg eksamen, og eg ville derfor undersøke korleis det var å tilpasse læringsstrategiane med tanke på å ta munnleg eksamen i ein norsk kontekst.