Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEidheim, Ingvild
dc.date.accessioned2018-05-02T18:47:12Z
dc.date.available2018-05-02T18:47:12Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2496854
dc.description.abstractHensikt og bakgrunn: Eg har valt dei stille barna som tema for mi bacheloroppgåve. Eg valde dette temaet fordi eg syns det er viktig å sette fokus på dei stille barna i barnehagen. Eg vil også bevisstgjere meg sjølv på desse stille barna når eg sjølv skal ut i jobb slik at eg kan tilrettelegge best mogleg for dei. Forsking og teori: Eg syns det var vanskeleg å finne forsking der dei stille barna hadde særskild fokus. Eg fann etterkvart kvalitativ forsking frå USA som eg har støtta meg på og ein kvantitativ studie frå Norge. Eg har valt å fokusere på Lund (2014) som ein sentral teoretikar innan innagerande åtferd. Vidare har eg støtta meg på Lillemyr (2012) innan leiken, og både Barsøe (2010) og Vedeler (2007) når det kjem til vaksenrolla og leikegrupper. Metode: Eg har valt ei kvalitativ tilnærming når eg skal forske på dei stille barna. Dette fordi eg er ute etter erfaringar og opplevingar til barnehagelærarar som arbeider med stille barn i barnehagen. Eg valde også kvalitativt intervju for å fange opp desse erfaringane og opplevingane til informantane mine. Eg laga ein intervjuguide som vart godkjent av rettleiar og eg testa den ut i eit pilotintervju. Eg sende også ut intervjuguiden til informantane på førehand slik at dei fekk førebudd seg og eg fekk best mogleg svar. Funn: Informantane hadde monge gode svar og dei viste mykje kunnskap rundt dei stille barna. Dei svara både mykje likt og ulikt. Tiltaka som blei gjort for dei stille barna var ganske like i dei tre barnehagane som informantane jobba i. Drøfting og oppsummering: Det informantane la vekt på i sitt arbeid med dei stille barna er mykje relatert til tidlegare forsking og teori. Dei tre var samde om at aktive og medleikande vaksne er viktig i arbeid med dei stille barna. Vidare må dei vaksne kartlegge interessene og den sosiale kompetansa til dei stille barna kontinuerlig slik at desse barna får kome inn i leiken og ikkje minst få gode relasjonar til andre barn. Informantane var samde om at dei stille barna skal respekterast og anerkjennast, men også løftast opp og fram.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectbarnehage, stille barn, leik, lek, vaksenrolle, voksenrolle, leikegrupper, lekegrupper, kvalitativ metodenb_NO
dc.titleEr tausheit verkeleg gull? Ein studie av barnehagelærarar sine erfaringar med dei stille barnanb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiPedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber34nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel