Show simple item record

dc.contributor.authorSteinnes, Hege
dc.date.accessioned2018-05-03T10:34:47Z
dc.date.available2018-05-03T10:34:47Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2496932
dc.description.abstractI denne bacheloroppgåva har eg valt å ha fokus på temaet avdekking av seksuelle overgrep blant barn i barnehagen. Dette er eit tema som eg har for lite kunnskap om, og som vil vere naudsynt for meg som komande barnehagelærar å ha kunnskap om. Tilsette i barnehagen er i ei særstilling for å oppdage teikn på omsorgssvikt, vald og seksuelle overgrep. Dei er saman med barna fleire dagar per veke, over lengre tidsrom, i leik og oppgåver saman med barna, og dei ser barna i møte med andre vaksne og i kontakt med foreldre som hentar og bringar (Søftestad, 2009, s. 97). Kvello (2015, s. 295) viser til tal frå statistisk sentralbyrå og internasjonale studiar, som viser at for få barn som er utsett for seksuelle overgrep blir oppdaga av fagfolk, og mange som arbeidar med barn har mangelfull kompetanse til å oppdage seksuelle overgrep. I tillegg har dei lite kunnskap om nyare funn innan forsking. Eg vil som barnehagelærar vere saman med barna i barnehagen mange timar for dagen og har ein god sjanse for å oppdage og avdekkje moglege seksuelle overgrep mot barn. Difor er problemstillinga mi: Korleis arbeidar barnehagelærarar med å avdekkje seksuelle overgrep blant barna i barnehagen? Sidan eg har fått lite kunnskap om tema gjennom utdanninga, var eg interessert i å vite kva røynsler informantane hadde, kva fokus barnehagen som organisasjon har på tema og ulike arbeidsmetodar informantane nyttar. Metode For å finne svar på problemstillinga mi valde eg å bruke eit kvalitativt intervju. Eg gjennomførte tre intervju i ulike barnehagar. Då eg skulle få tak i informantar tok eg eit strategisk utval, og på førehand sende eg ut førespurnad om dei hadde relevante røynsler og kunnskap. I etterkant av intervjua analyserte eg innsamla empiri ved å samanlikne spørsmåla inndelt i kategoriar. Resultat Alle informantane syntest temaet var vanskeleg, og at det er for lite fokus på avdekkingsarbeid av seksuelle overgrep i barnehagen. I barnehagen informanten som hadde vore med på avdekking av seksuelt overgrep hjå eit av barna, hadde dei hatt eit større fokus i etterkant. Informantane nytta ulike metodar for å sjå etter teikn på seksuelle overgrep blant barna. To av informantane hadde kjent på den vonde magekjensla, og fortalde korleis dei arbeidde ut i frå den. Dei einskilde informantane hadde mykje kunnskap om ulike arbeidsmetodar, og tok kunnskapen i bruk på ulike måtar. Drøfting Eg valde å drøfte korleis barnehagelærarar arbeidar med naturleg seksualitet i barnehagen og om korleis barnehagen som organisasjon arbeidar og vektlegg arbeidet med avdekking av seksuelle overgrep blant barna i barnehagen. Her kunne eg sjå at mine funn og ny forsking ikkje er heilt samd. Vidare drøfta eg prosessen frå barnehagelæraren vert bekymra for eit barn og til ho handlar.
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectbarnehage, seksuelle overgrep, omsorgssvikt, kompetanse, kvalitativ metodenb_NO
dc.titleEi oppgåve om barnehagelærarar sitt arbeid med avdekking av seksuelle overgrep blant barna i barnehagennb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber43nb_NO
cristin.fulltext


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record