Korleis kan regional identitet vere med å påverke val av ny kommunestruktur i Ålesundsregionen?
Master thesis
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
Bakgrunn for denne studien er det pågåande kommunereformarbeidet og fenomenet regional identitet. Denne studien set lys på korleis regional identitet kan påverke etableringa av nye kommunar i Ålesundsregionen. Det er i denne oppgåva arbeidd med tema ut frå problemstillinga:
Korleis kan regional identitet vere med å påverke val av ny kommunestruktur i Ålesundsregionen? Forskingsspørsmåla som er nytta som tilnærming og avgrensing av oppgåva er følgjande:
1. Korleis vurderer ordførar og rådmenn i Ålesundsregionen behovet for ein endra kommunestruktur ?
2. Kva tenkjer ordførar og rådmann om identitet og innbyggarane si tilhøyrigheit i samband med kommunereformarbeidet?
3. I kva grad tenkjer innbyggarane, ordførar og rådmann om at dei geografiske kommunane, kommunenamn og kommunesenter er knytt til identitet?
4. Er det grunn til å tru at ei bevisst satsing på styrking av regional identitet kan gjere ein forskjell for resultatet av kommunereformarbeidet?
Den metodiske tilnærminga er kvalitativ. I denne undersøkinga har ordførarar og rådmenn i eit utval av kommunar, bidrege med kunnskap om kommunereformprosessen og innbyggarane sin identitet, gjennom halvstrukturerte kvalitative forskingsintervju. Systematisk tekstkondensering (Malterud, 2003) er nytta som verktøy og analysemetode.
Den teoretiske tilnærminga i denne studien har vore teoriar om regional identitet i regional utvikling og planlegging, med eit særskilt lys på prosessar og komponentar som er til stades ved forming av regional identitet og sosial kapital
Kort samanfatta fann eg at ordførarar og rådmenn i regionen ytrar ein betinga optimisme for kommunereforma. Det er ei tru på at ei endring i kommunestrukturen kan ha fleire fordelar enn ulemper for regionen samla. Underforstått skal endringane bidra til å sikre vekst i lokalsamfunna og vere med på å tryggje arbeidsplassane. Trua på at kommunane er betre saman enn kvar for seg er sentral. Det å arbeide for at ei ny kommune skal få med seg ”det beste av alt”, er eit utgangspunkt for dialogen framover. Vilkår for ei positiv haldning, er mellom anna tillit mellom partane og respekt for ulikskapane. Det med å få skapt ei ny kommune, i form av å utvikle nye strukturar og arbeidsmåtar for både administrasjonen og det politiske nivået, er for deltakarane i denne studien ein klar føresetnad for eit framtidig samarbeid. Det handlar om å sikre innbyggarane i dei ulike delane av regionen gode tilbod og teneseter, for det er berre slik ein ser føre seg ei god utvikling av lokalsamfunna. Fleire av informantane peikar likevel på at det er den regional vekstkrafta, som i neste omgang vil bidra til å sikre vekst i utkantane og dei ulke lokalsamfunna. Dersom ein legg til grunn den kunnskapen som er kome fram i denne studien, og ser dette opp mot teoriar om utvikling av regional identitet og sosial kapital, kan det vere grunn til å tru at ei bevisst haldning til fenomenet regional identitet og målretta arbeid for å bygge dei ”tjukke strukturane” vil bidra positivt i samfunnsutviklinga og vere naudsynte i skapinga av ein attraktiv region Summary
The background for this study, is the ongoing municipality reform and the phenomena regional identity. This study is focusing on how regional identity can influence the process of establishing new municipals in the Ålesund region.
How can regional identity influence the choice of a new municipal structure in the Ålesund region? The question used to approach the topic is:
1. How do mayors and chief municipal executives consider the need for change in the municipal structure?
2. What are their thoughts about identity and the inhabitants' sence of affiliation in the municipality reform process?
3. In what extend do inhabitants, mayors and chief municipal executives believe that geography, the name of the municipal, and the location of the municipal administration is connected to identity?
4. Are there reasons to believe that a clear strategy to strengthen regional identity will make a difference for the results in the municipality reform?
The methodical approach is qualitative. In this study mayors and chief municipal executives in a number of municipals in the Ålesund region has contributed with knowledge about the process and the inhabitants' identity, through half structured qualitative research interviews. Systematic text condensation (Malterud, 2003) is used as a method for the analysis.
The theoretical approach is based on theories about regional identity in regional development and planning, and with a focus on processes and components present when forming regional identity and social capital.
I found, in short terms, that mayors and chief municipal executives express optimism for the municipality reform. They believe that change in the municipal structure can give the region advantages more than disadvantages, given it will contribute to secure growth and employment in the local areas. They strongly believe that the municipals are stronger together than apart. To work for a new municipal with «the best of every participating municipal” is a starting point for further dialog. Important prerequisites to achieve a positive attitude among the inhabitants are trust between the involved parties and respect for the differences. Prerequisites for the creation of a new municipal and good development and interaction environment, is to develop new structures and work methods for administration and politicians based on mutual trust and respect. It is all about securing equality in the produced services for the inhabitants in the various parts of the region. Equality in services is a prerequisite to achieve development locally. Several of the informants are emphasizing that the regional expansion and growth is a key element to achieve growth and expansion also in the outskirts of the region. Theories about regional identity and social capital together with gained knowledge in this study, shows that awareness and importance of regional identity and social capital, together with focus on building “thick structures”, are key elements in the creation of an attractive region.