Tilvenning. «Korleis arbeidar pedagogiske leiarar for å gje dei yngste barna ein trygg og god start i barnehagen?»
Abstract
I denne oppgåva blir problemstillinga «korleis arbeidar pedagogiske leiarar for å
skape ein trygg og god start i barnehagen for dei yngste barna i barnehagen?», sett i
samanheng med relevant teori, forsking og empiri. Eg har gjennomført fire kvalitative
forskingsintervju med pedagogiske leiarar.
Studien viser at dei pedagogiske leiarane vektlegg tilvenning og tilknyting når dei
yngste barna startar i barnehagen. Under desse to hovudkategoriane har eg funne
fire arbeidsmetodar dei meiner er viktige for at dei yngste barna skal få ein trygg og
god start i barnehagen. Desse fire arbeidsmetodane er foreldresamarbeid,
primærkontakt, tryggleikssirkelen og overgangsobjekt. I denne oppgåva drøftar eg
kvifor desse arbeidsmåtane er viktig for at dei yngste barna skal få ein trygg og god
start i barnehagen.
Mine fire informantar har mykje felles kunnskap, erfaringar og tankar rundt temaet
men noko skil seg ut. Eit av mine funn og anna forsking viser at foreldreaktiv
tilvenning er hensiktsmessig. Ved å ha foreldre tilstades i barnehagen opplever ein at
foreldre blir tryggare. Når foreldra er trygge på den nye kvardagen smittar det over på
barna