Betre føre var enn etter snar? Ein case-studie om korleis ein kommune arbeider førebyggande med samfunnstryggleik
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2721366Utgivelsesdato
2020Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Samfunnsplanlegging [69]
Sammendrag
Studien har sett på korleis ein middels stor kommune på Vestlandet arbeider førebyggande med samfunnstryggleik. Denne undersøkinga er ein case-studie av korleis ein kommune følgjer opp arbeidet frå ei kartlegging av risiko til iverksetting av risikoreduserande tiltak. Case-studien rettar særleg merksemd mot korleis kommunen organiserer arbeidet med risikoreduserande tiltak og kva som påverkar gjennomføring av førebyggande tiltak i etterkant av ROS-analysen.
Datagrunnlaget er intervju med toppleiarane i kommunen og skriftlege kjelder som ROS-analysen, kommuneplanen og økonomiplanen. Organisasjonsteori og teori om risikoanalyser blir brukt til å beskrive korleis kommunen arbeider med samfunnstryggleik. Eit instrumentelt og eit institusjonelt organisasjonsperspektiv vert brukt for å forklare hovudfunn i studien.
Resultata i studien viser at kommunen ikkje nyttar ROS-analysen med tiltakslista til eit systematisk arbeid med førebygging for samfunnstryggleik. Kommunen arbeider med førebyggande tiltak, men desse er ikkje knyta til ROS-analysen. Kjennskapen til tiltakslista, som var utarbeidd som ein del av ROS-analysen, var mangelfull blant toppleiarane. Berre ein av dagens toppleiarar var med å utarbeide ROS-analysen. ROS-analysen var prega av at teknisk sektor var sterkt deltakande i utarbeidinga, og dette fekk også konsekvensar for kva tiltak som kom på tiltakslista.
Intervjua viste at sektorleiarane skildra organiseringa og ansvaret for arbeid med førebyggande tiltak som avklart, tydeleg og god. Avklart organisering og fordeling av ansvar var ikkje tilstrekkeleg for å sikre gjennomføring av førebyggande tiltak i etterkant av ROS-analysen.
Kommunen opplevde ikkje samordningsutfordringar. Sjølv om dette tilsynelatande kan verke berre positivt, har studien vist til ulike forklaringar på dette som gjer at biletet ikkje treng vere eintydig positivt. Manglande samordningsutfordringar kan vere fordi ein berre har tiltak der ansvaret kan plasserast hos ein sektor eller at ein berre prioriterer tiltak der ansvaret er plassert i eigen sektor. Det kan også vere fordi kommunen prioriterer fysiske tiltak framfor meir tidkrevjande tiltak som krev bidrag frå fleire sektorar over tid som haldningsskapande arbeid.
Generelle og vage målsetnader, nasjonalt og lokalt, gjer det vanskeleg å rapportere på gjennomføring av tiltak på bakgrunn av desse måla.
Informantane i studien viste til at viktige førebyggande tiltak som haldningsskapande arbeid krev merksemd over tid. Difor er det avgjerande for iverksettinga av tiltak at ein har eldsjeler som pådrivarar og motivatorar. Summary
This is a case study of how a medium sized municipality in Vestland is doing risk prevention work for societal safety. The study is evaluating how a municipality is following up on identifying risks and how they implement their risk reducing measures. The case study focus is on how the municipality is organizing the risk prevention work and how it affects the implementation of risk reducing measures after the Risk Analysis.
Interviews with the top-level administrative executives in the municipality, written sources like the Risk Analysis, planning documents and finance plan are the data for this study. Organizational theory and Risk Analysis theory is used to describe how the municipality is doing the risk prevention work for societal safety. An instrumental and an institutional perspective is applied to explain the findings in this study.
The result of this study shows that the municipality is not using the Risk Analysis and the list of measures in a systematic way to reduce risk for societal safety. The municipality is doing work to reduce the risk but the measures they are taking is not according to the Risk Analysis. The top-level administrative executives had limited knowledge of the list of measures to reduce risk included in the Risk Analysis. Only one of the current top-level administrative executives participated in the process of making the Risk Analysis. The Risk Analysis process where dominated by representatives of the technical department and this had consequences for the types of risk reducing measures that finally made it on the list.
The interviews showed that the top-level administrative executives considered the organization and placing of responsibility as defined, precise and appropriate. This study shows that a well-defined organizational structure and a clearly defined responsibility were not sufficient to ensure the implementation of risk reducing measures from the Risk Analysis.
The municipality did not suffer from coordination challenges, and this seems as a positive aspect. The study shows some different, more negative, explanations, e.g. lack of coordination challenges could possibly be because all the departments only have risk reducing measures where the responsibility is placed directly at a single department. A second explanation can be that the department only prioritize the measures where the responsibility is placed in their own department. Another possible explanation can also be the municipality is prioritizing only physical measures on the expense of the more time-consuming and inter-departmental like awareness raising measures.
Vague and overall goals, both nationally and locally, makes it difficult to implement risk reducing measures based on these goals.
The informants in this study highlighted that important risk reducing measures, like awareness raising measures are dependent on attention over time. And this means it is a very important factor to have highly motivated employees as a driving force when implementing the measures.