«Å sette noko framfor noko anna». Ein kvantitativ studie om prioritering mellom kommunale rehabiliteringsressursar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3003357Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Samfunnsplanlegging [69]
Sammendrag
This master's thesis is about prioritizing resources within rehabilitation services in Norwegian municipalities. The starting point is the municipal health and care service reablement, and whether investing in this innovative service has led to a change in the total rehabilitation resources. An attempt has been made to find out whether the start-up of reablement has affected other rehabilitation services in the municipalities.
Quantitative methods and cross-sectional design, with anonymous questionnaires, were used to obtain information. An email was sent with a link to a questionnaire to 227 municipalities and 99 responses were received, which resulted in a response rate of 45 percent. The informants were mainly leaders in the health and care sector or other professionals who worked with reablement. Responses were received from large and small municipalities, but most of the responses came from small and medium-sized municipalities, which means municipalities with less than 20,000 inhabitants
Findings from the research work showed that the introduction of reablement had strengthened the overall municipal rehabilitation services. But there was variation in how the municipalities had chosen to solve the start-up and operation of reablement, both in terms of choice of model and prioritization of resources. An important finding showed that most of the municipalities had to use redistribution of resources at the start of reablement, which means that in order to run reablement they had to take resources from another municipal offer or service. This redistribution of resources mainly seemed to apply to municipalities with less than 20,000 inhabitants.
In the textbox at the end of the questionnaire, there was an opportunity to elaborate or add information. Many of the comments in these textboxes showed that there were challenges related to prioritizing resources and interprofessional cooperation, and little focus on preventive work in many of the municipalities. Denne masteroppgåva handlar om prioritering av ressursar innan rehabiliteringstenester i norske kommunar. Det er tatt utgangspunkt i den kommunale helse- og omsorgstenesta kvardagsrehabilitering, og om satsing på denne innovative tenesta har ført til ei endring i dei samla rehabiliteringsressursane. Det er prøvd å finne ut om oppstart av kvardagsrehabilitering har gått ut over andre rehabiliteringstilbod i kommunane.
Det vart nytta kvantitativ metode og tverrsnittdesign, med anonymt spørjeskjema, for å innhente informasjon. Det vart sendt ut e-post med link til spørjeskjema til 227 kommunar og det kom inn 99 svar, som resulterte i ein svarprosent på 45 prosent. Informantane var i hovudsak leiarar innan helse- og omsorgssektoren eller andre fagpersonar som arbeidde med kvardagsrehabilitering. Det kom inn svar frå alle kommunestorleikane, men hovudtyngda av svara kom frå små og mellomstore kommunar, det vil seie kommunar under 20 000 innbyggjarar.
Funn frå forskingsarbeidet viste at innføring av kvardagsrehabilitering hadde styrka det samla kommunale rehabiliteringstilbodet. Men der var variasjon i korleis kommunane hadde valt å løyse oppstart og drift av kvardagsrehabilitering, både når det gjaldt val av modell og prioritering av ressursar. Eit viktig funn viste at fleirtalet av kommunane måtte nytte omfordeling av ressursar ved oppstart av kvardagsrehabilitering, det vil seie at for å drifte kvardagsrehabilitering måtte dei ta ressursar frå eit anna kommunalt tilbod eller teneste. Denne omfordelinga av ressursar såg i hovudsak ut til å gjelde kommunar under 20 000 innbyggjarar.
I tekstboksen på slutten av spørjeskjemaet var der moglegheit til å utdjupe eller tilføre informasjon. Mange av kommentarane i desse tekstboksane viste at det var utfordingar knytt til prioritering av ressursar og tverrprofesjonelt samarbeid, og lite fokus på førebyggande arbeid i mange av kommunane