Om kommunedelsutval. Eit oversyn over rettslege rammer og politiske føringar, med utgangspunkt i erfaringar frå Ålesund kommune.
Master thesis
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Samfunnsplanlegging [69]
Abstract
This report is part of a research project on evaluation of the sub-municipal democratic bodies established by the municipality of Ålesund after the municipal amalgamation in 2020.
The objectives of this report include (1) to give an overview of the legal framework concerning sub-municipal democratic bodies in Norway, (2) to investigate the motives behind establishing such formal arrangements for local democracy and community involvement in Ålesund, and (3) to investigate how these bodies are perceived and experienced so far, from the perspective of the political leadership in Ålesund.
The data sources for this report were Norwegian legislation, preparatory work, public written sources, policy and procedure documents, and interviews with political leaders in the municipality of Ålesund.
The report finds that local municipalities have a substantial amount of autonomy with regards to composition, functions and powers given to sub-municipal democratic bodies. Further, the report suggests that a key reason behind establishing such bodies in Ålesund was to ensure systematic local involvement and participation in municipal policy processes, from every community in the 5 former municipalities that merged into the new municipality of Ålesund
With regards to experiences with these bodies so far, an important reservation is that the operating time has been short since they were established in 2020, and the bodies’ work has been hampered by the impacts of the pandemic. The report suggests that the sub-municipal democratic bodies in Ålesund have an important consultative role in policy making. An especially meaningful task seems to be the amount of money the bodies have at their disposal to fund local community projects.
he bodies are perceived as active and engaged in their work, and it is considered vital that the bodies are a part of the formal political structure in the municipality. A success factor seems to be that the bodies have access to adequate administrative resources and follow-up from the municipal political leadership. The bodies have yet to find an ideal time distribution between consultative tasks and more proactive work, like raising and debating local issues on their own initiative
It is too early to draw clear conclusions and recommendations on the topics of recruitment and type of electoral system. It is however clear from the perspective of the municipal political leadership interviewed here that the sub-municipal democratic bodies in Ålesund should continue their work, and that modifications regarding functions, power and composition can be made along the way. Samandrag
Denne oppgåva er ein del av eit forskingsprosjekt om evaluering av kommunedelsutvala oppretta av Ålesund kommune i høve kommunesamanslåinga i 2020.
Føremålet med studien er (1) å gje eit oversyn over rettslege rammer og politiske føringar for kommunedelsutval i Noreg, (2) å avklare føremålet bak å opprette slike kommunedelsutval i Ålesund, og (3) å undersøke erfaringane med utvala så langt, sett frå den politiske leiinga i kommunen.
Datagrunnlaget for studien er norsk lovgiving og forarbeid, dokumentanalyse av offentlege politiske dokument frå Ålesund kommune, og kvalitative intervju med politiske leiarar i Ålesund kommune.
Studien finn at kommunestyra i Noreg har stor grad av fridom når det kjem til korleis eit kommunedelsutval skal utnemnast og setjast saman, og kva slags oppgåver og funksjonar det skal ha. Vidare tyder datagrunnlaget i studien på at ein avgjerande grunn til å etablere slike utval i Ålesund var å sikre systematisk lokaldemokratisk deltaking i kommunepolitikken, frå alle delane av dei 5 tidlegare kommunane som slo seg saman til nye Ålesund kommune.
Når det gjeld erfaringar med kommunedelsutvala så langt, er det nødvendig å ta eit atterhald om at funksjonstida har vore kort sidan dei vart etablerte i 2020, og at utvala sitt arbeid har blitt hindra av pandemien. Studien viser at kommunedelsutvala har ei viktig rådgjevande rolle som høyringsorgan i politikkutviklinga i kommunen. Ei særleg meiningsfull og viktig arbeidsoppgåve for utvala er vidare å kunne disponere ein eigen pott til lokale tiltak for lokalsamfunnsutvikling.
Kommunedelsutvala blir oppfatta som aktive og engasjerte i arbeidet dei gjer, og funna i studien her tyder på at det har vore avgjerande at utvala er ein del av den formelle politiske styringsstrukturen til kommunen. Ein viktig suksessfaktor er vidare at utvala har tilgang til tilstrekkelege administrative ressursar og oppfølging frå politisk leiarskap i kommunen. Utvala har framleis ikkje funne den ideelle arbeidsfordelinga mellom rolla som høyringsorgan og meir proaktive sjølvinitierte oppgåver. Det synest å vere ein klar samanheng mellom tilgjengelege administrative ressursar og moglegheita til å engasjere seg utover høyringsarbeidet.
Det er for tidleg å trekkje klare konklusjonar og tilrådingar når det gjeld rekruttering og metode for val og oppnemning til utvala. Det synest likevel å vere klart, slik informantane ser det, at kommunedelsutvala bør halde fram med arbeidet sitt, og at ein kan gjere justeringar når det gjeld funksjonar, oppgåver og samansetjing undervegs.