«Ein betre meg saman med deg». Ein kvalitativ studie om relasjonsleiing for å styrke gruppepsykologisk tryggleik mellom dei tilsette på avdeling
Abstract
Denne oppgåva set fokus på arbeidsmiljø og relasjonar mellom barnehagetilsette. Eg set blikket på kva faktorar som spelar inn for å oppnå ein kultur der alle føler seg trygge til å vere seg sjølv, til å bidra med sin kompetanse, sine ytringar og sine faglege perspektiv. Eg ser òg på kva rolle denne tryggleiken spelar for barnehagen som organisasjon.
Gjennom kvalitativ forskingsmetode, semistrukturerte intervju og deduktiv analyseprosess, set eg att med innblikk i fire informantar sine opplevingar kring tema. Empiri visar at evne til å skape tillit gjennom å vere medviten si eiga rolle, open og ærleg kommunikasjon, samt vise genuin interesse og aksept for kvarandre, er alle suksessfaktorar for å oppnå gruppepsykologisk tryggleik. Samstundes framhevast relasjonelt mot og konflikthandtering som ei naudsynt side av relasjonsarbeidet.
Tre av informantane gir innsyn i korleis eigne opplevingar knytt til mangel på tryggleik og anerkjenning har vore øydeleggande for trivsel, samarbeid og fagleg utvikling. Dei omtalar også korleis mangel på openheit kring personlege utfordringar kan skape irritasjon og frustrasjon over arbeidskapasitet, og verke negativt inn på miljøet på avdeling.
Etter arbeidsprosessen sit eg igjen med inntrykk av at dei pedagogiske leiarane sit på mykje god kunnskap når det kjem til å skape tryggleik og gode relasjonar på avdeling. Fråvær av ærleg og open kommunikasjon, lite toleranse for ulikskap, samt manglande vilje til nytenking er faktorar informantane finn utfordrande. På bakgrunn av funna ser eg forbetringspotensiale når det kjem til satsing på relasjonsfremjande åtferd, spesielt av typen som styrkar kompetansen i heile personalgruppa. Til sjuande og sist vil både tilsette, barn og organisasjonen som heilheit nytte godt av auka satsing på relasjonskompetanse.