Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAam, Anette Driveklepp
dc.date.accessioned2022-07-21T10:13:09Z
dc.date.available2022-07-21T10:13:09Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3007496
dc.description.abstractTema for denne undersøkinga er teikn-til-tale. Teikn-til-tale blir ofte presentert som eit spesialpedagogisk verktøy retta mot enkeltbarn, medan denne studien rettar fokuset på heile barnegruppa. Undersøkinga er avgrensa til dei yngste barna som har lite utvikla verbalspråk. Problemstillinga for studien er: Kva erfaringar har barnehagelærarar med teikn-til-tale i kommunikasjon med dei yngste barna i barnehagen? Teikn-til-tale retta mot dei yngste barna i barnehage er eit tema det finnast lite forsking og litteratur på. I denne studien er det difor brukt amerikansk forsking frå 1989 (Matovich-Noddeland & Noddeland, 2017), og ei undersøking frå barnehagar på vestlandet frå 2019 (Torbjørnsen, 2020). Oppgåva er bygd på Løkken (2004, 2005) sin litteratur om dei yngste barna sin veremåte og Merleau-Ponty sine møter mellom livsverdener (Johansson, 2013). Vedeler (2007) sin litteratur om tidleg samspel leik, Suhr og Rognlid (2009) sin publikasjon gjennom Statped, boka «Babytegn» av Matovich-Noddeland og Noddeland (2017), og Andresen si bok om ASK og heilskapleg språkutvikling (2021), har vore viktige kjelder i arbeidet. Datamateriell har vorte innsamla gjennom fire kvalitative intervju: Tre digitale personlege intervju, og eit personleg e-postintervju. Resultata viser at informantane har ulik bakgrunn for å bruke teikn til barna, men alle ser nytta av bruken, og seier det er ei god hjelp i det pedagogiske arbeidet. Dei kvalitative intervjua syner også at dei kroppslege toddlerane, dei yngste som er veldig fysiske i kommunikasjonsværemåten sin, får brukt fleire sansar og kommunisert på sin særeigne måte. Ved å støtte verbalspråket med ei kommunikasjonsform som ligg nærare barna sin sosiale omgang, utviklar barna tidleg meistring i kommunikasjonen, og dei får tidleg god språkforståing. Teikn-til-tale forsterkar kommunikasjonen og påverkar relasjonen mellom barna og dei vaksne ved at dei blir meir tilstades for kvarandre. Beskjedar blir tydelegare og meir konkrete. Det forsterkar verbalspråket, bygg ei meir heilskapleg språkutvikling, og barna får tidlegare moglegheiter for å uttrykke sine synspunkt og gjere seg forstått.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectteikn-til-taleen_US
dc.subjectspesialpedagogisk verktøyen_US
dc.subjectbarnehageen_US
dc.subjecttoddleren_US
dc.subjectkommunikasjonen_US
dc.titleTeikn-til-tale i kommunikasjon med dei yngste barna. Ein kvalitativ studie om barnehagelærarar sine erfaringar frå kvardagenen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber46en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel