«Etter hvert «glemte» elevene at de leste på nynorsk». Ei gransking av lærarar sine erfaringar med den nynorske leselystaksjonen Tid for ti og korleis dei meiner aksjonen motiverer og førebur bokmålselevar til å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen
Abstract
Temaet for denne masteroppgåva er nynorsk som sidemål på barnetrinnet og leselystaksjonen «Tid for ti». Studiar av elevar sine haldningar til nynorsk som sidemål viser at mange elevar har negative haldningar og lite motivasjon til å lære nynorsk. Intervensjonsstudiar har vist at ein god og motiverande start med nynorskopplæring i barneskulen, vil kunne spele ei rolle for å motverke dei negative haldningane som elevane har til å lære nynorsk i ungdomsskulen. Vi treng difor å finne ut korleis vi kan arbeide med nynorsk som sidemål i barneskulen, og kunnskap om arbeidsmåtar som kan føre til at bokmålselevar opplever nynorsk som sidemål meir meiningsfullt.
På bakgrunn av rapporteringar om dårlege haldningar og låg motivasjon til nynorsk blant bokmålselevar, og forsking som støttar ein god start med nynorsk før ungdomsskulen ville eg undersøke kvifor ein god start med nynorsk før elevane tek til på ungdomsskulen kan vere viktig, og korleis Tid for ti kan bidra i dette arbeidet. For å svare på dette utvikla eg problemstillinga: Kva erfaringar har lærarar med leselystaksjonen Tid for ti, og korleis meiner dei aksjonen motiverer og førebur elevar på 7. trinn til å lære nynorsk som sidemål i ungdomsskulen?
Foreningen !les gjennomfører kvart år ei spørjeundersøking med lærarar som har vore med på aksjonen, og svara frå desse spørjeundersøkingane har eg fått tilgang til. I denne masterstudien analyserer eg spørjeundersøkingane frå 2021 og 2022. Desse undersøkingane er både kvantitative og kvalitative. Fordi spørjeundersøkingane er laga for å evaluere aksjonen, og ikkje utforma etter problemstillinga mi, gjennomførte eg også to kvalitative intervju med to lærarar som har vore med på aksjonen. I studien har eg analysert datamaterialet frå spørjeundersøkingane og intervjua, og drøfta problemstillinga i lys av analysen og relevant teori.
Studien fann at lærarane har positive erfaringar med aksjonen, og fleire lærarar rapporterer om at arbeid med aksjonen førte til at elevane blei engasjerte og motiverte til å arbeide med nynorsk. Fleire lærarar rapporterer om at dei bruker aksjonen for å førebu elevane sine til ungdomsskulen, noko som blant anna skjer gjennom at elevane blir meir kjende med sidemålet før dei skal møte det meir regelmessig på ungdomsskulen. Likevel er det fleire faktorar som kan påverke haldningane til elevane i ungdomsskulen som vennar, læraren og familien. Abstract
The theme for this master thesis is “Nynorsk” as “sidemål” at elementary school, and the reading for pleasure campaign “Tid for ti”. Studies of pupils´ attitudes towards Nynorsk as sidemål show that many pupils have negative attitudes and little motivation to learn Nynorsk. Intervention studies have shown that a good and motivating start with learning Nynorsk in primary school can play a role in counteracting the negative attitudes that pupils have towards learning Nynorsk in secondary school. We therefore need to find out how we can work with Nynorsk as sidemål in primary school, and knowledge of working methods that can lead to Bokmål pupils experiencing Nynorsk as sidemål more meaningfully.
Because of the reports on bad attitudes and low motivation for Nynorsk among Bokmål-pupils, and research that supports a good start with Nynorsk before secondary school, I wanted to investigate why a good start with Nynorsk before the pupils start secondary school can be important, and how Tid for ti can contribute to this work. To answer this, the thesis will explore this issue: What experiences do teachers have with the reading for pleasure campaign Tid for ti, and how do they think the campaign motivates and prepares Bokmål-pupils in the 7th grade to learn Nynorsk in secondary school?
Foreningen !les conducts a survey every year with teachers who have taken part in the campaign, and I have received access to the answers from these surveys. In this master thesis I analyze the surveys from 2021 and 2022. These surveys are both quantitative and qualitative. Because the surveys are designed to evaluate Tid for ti, and not designed according to my issue, I also conducted two qualitative interviews with two teachers who have taken part in the campaign. In the study, I have analyzed the data from the surveys and the interviews and discussed the issue in light of the analysis and relevant theory.
The study found that the teachers have positive experiences with the campaign, and several teachers report that working with the campaign led to pupils becoming engaged and motivated to work with Nynorsk. Several teachers report that they use the campaign to prepare their pupils for secondary school, something which, among other things, happened through the pupils becoming more familiar with Nynorsk before they have to meet it more regularly at secondary school. Nevertheless, there are several factors that can influence the attitudes of pupils in secondary school such as friends, the teacher, and the family.