2. verdskrig i læreverk for ungdomsskulen. Ein dokumentanalyse av korleis 2. verdskrig vert framstilt i eit utval læreverk for ungdomsskulen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3077022Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva handlar om korleis andre verdskrig vert framstilt i ulike læreverk gitt ut etter den nye læreplanen i 2020. Dette temaet vart valt med ein teori at sjølv om at læreverka har same utgangspunkt i form av kompetansemål i læreplanen, vil forlaga likevel kunne lage verka ulike. Dette er ein teori eg sjølv har basert på eigen skulegang, og erfaringane der med ulike læreverk av ulike forlag.
Studien vil ha eit kvalitativt forskingsdesign, der det vert nytta dokumentanalyse som forskingsmetode, på to ulike måtar. I oppgåva vil hovudsakleg læreplanen og fire ulike læreverk stå sentralt. Ved å nytte denne forskingsmetoden og dette datamaterialet, vil eg forsøke å svare på følgjande problemstilling: «På kva måte vert 2.verdskrig framstilt i eit utval læreverk frå ungdomskulen?». Datamaterialet som blir studert, er todelt. Det første er Fagfornyinga. Denne skal nyttast for å trekkje ut relevante kompetansemål knytt til tematikken om andre verdskrig. Dei fire læreverka som skal studerast, er Arena 9, Samfunnsfag 9, Relevans 9 og Aktør. Her har eg valt ut kapitla om den andre verdskrigen.
I masteroppgåva mi har eg trekt fram fleire funn som kan knytast opp mot problemstillinga. Eit av funna som vart trekt fram som sentral, var oppgåveformene som er dominerande. Oppgåvene i læreverka har gått vekk frå dei lukka, enkle faktaopplysningane, til å bli delvis eller heilt opne. Oppgåvene er derfor som regel reflekterande eller analytiske. Der er naturlegvis nokre unntak og nokre lukka oppgåver, men den dominerande forma er opne. Noko anna som var interessant å sjå på, var korleis nazismen vart framstilt i kapitla om den andre verdskrigen. Det var trekt ut tre dominerande framstillingar i tidlegare læreverk, og her kan det sjå ut som at den eine av desse tre er i ferd med å forsvinne. Framstillinga av Hitler var også noko som vart oppdaga som interessant. Han vert framstilt på nokså same måte i alle dei fire læreverka, og det er tydeleg teke eit val om å gi han så lite plass som mogleg. Hitler si historie før han vart rikskanslar i 1933 er omtrent ikkje nemnt. Abstract
This master’s thesis is about how World War II is presented in different textbooks written after the new curriculum in 2020. This topic was chosen with a theory that even if the textbooks have the same starting point in terms of competence goals, based on the curriculum, the publishers will still be able to make different products. This theory is based on my own schooling, and my own experiences with different textbooks with different publishers in social studies.
The study will have a qualitative research design, where document analysis is going to be used as the research method in two different ways. In this thesis, the curriculum and the four different textbooks. By using this method and the data material, I want to try to answer the following problem statement: «In what way is the World War II portrayed in a selection of textbooks in the secondary school». The data material, which is going to be analysed, is divided in two. The first material is the curriculum. The curriculum is meant to be used to find relevant competence objectives based on World War II. The four educational works which will be studied, is Arena 9, Samfunnsfag 9, Relevans 9 and Aktør. In these books, I have chosen the chapters about the history of World War II.
In my master thesis, I have highlighted a few findings who can be relevant for my topic. One of the relevant findings, were the dominant form of tasks. The tasks in the textbooks have moved away from being closed or simple facts, to being more open. The dominant form now is either reflective or analytical. There are of course some exceptions and some closed tasks, but open tasks are the dominant form in every textbook. Another interesting finding were how the Nazism is being portraited in the chapters about World War II. In earlier textbooks, it has been found three different representations of the war. In the new textbooks, it might seem like one of them are about to disappear. The portrayal of Hitler was also something which was found interesting. He is being portraited almost the same way in every textbook. The choice is clearly to give him as little space as possible. Hitler’s history before he became chancellor in 1933 is hardly mentioned.