«Там жили Alv Lukas og Alv Max». Ein kvalitativ studie om transspråking i skriveopplæringa for nykomne fleirspråklege elevar med særskilt norskopplæring
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3077051Utgivelsesdato
2023Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne masteroppgåva handlar om korleis nykomne fleirspråklege elevar med særskilt norskopplæring i grunnskulen nyttar transspråking i sine skriveprosessar, og om deira opplevingar knytt til denne måten å arbeida på. Transspråkleg tilnærming blir av både teoretikarar og i gjeldande læreplan støtta opp om som ressursfullt for elevane sine læringsprosessar. Til trass for dette viser tidlegare forsking at slike tilnærmingar blir lite brukt i fleirspråklege klasserom. Det vil derfor vera sentralt å undersøkja elevane sine syn om transspråking, og korleis dei nyttar seg av tilnærminga i sine læringsprosessar innan skriving.
Studien er kvalitativ der eg har nytta pedagogisk designforsking for å få innblikk i elevane sine erfaringar om transspråking i sine skrivearbeid. Dette har innebera å forma eit transspråkleg undervisingsopplegg som eg saman med medstudent har prøvd ut i to innføringsklassar. I forbinding med designforskinga har eg nytta elevsamtalar, samt innsamling av elevtekstar og observasjonar som metodar. Hensikta med studien har vore for å få eit innblikk i kva transspråkinga gjer for elevane i sine skriveprosessar, og kva som kan påverka deira bruk av transspråking, for å kunna reflektera over transspråking som pedagogisk strategi for desse elevane i sine skrivearbeid innan norskopplæring.
Det er tydeleg i funna mine at elevane sine språklege repertoar er viktige ressursar i deira tekstproduksjonar. Elevane nyttar transspråklege strategiar for å støtta opp om sine formidlingar og visualiseringar av idear og meiningar. Enkelte elevar har også nytta transspråkinga som forsterking i sine tekstproduksjonar, og nytta transspråkinga som stilistiske grep i sine tekstar. Funna vitnar også at arbeid med transspråking har bidrege til å strekkja fleire elevar sine bevisstheiter om språk, og seg sjølv som fleirspråklege skrivarar. Samstundes indikerer funna at haldningssyn og tidlegare erfaringar med fleirspråklegheit er påverkande for elevane sine bruk av transspråking, der enkelte vel å ikkje nytta seg av heile sitt språklege repertoar i tekstane sine. Funna synleggjer også vanskar med å gjennomføra fleirspråklege tekstar når ein ikkje har skriveferdigheitar innan nokon av språka ein kan tenkja eller uttrykkja seg på. Resultata vitnar om eit underskot i å arbeida med transspråking innan skriving for enkelte, noko som påverkar gjennomføringa av transspråking i deira skriveprosessar. Dermed underbyggjer funna viktigheita av eit endringsarbeid innan syn om fleirspråklegheit i klasseromma, der lærarar gjev rom for å nytta transspråking som eit middel for nykomne fleirspråklege elevar sine læringsarbeid, då funna viser den innverknad det har på desse elevane sine utviklingar innan språk, skriving og deira skriveidentitetar. Abstract
This master's thesis is about how newly arrived multilingual students with adapted instruction in Norwegian language in primary school use translanguaging in their writing processes, and about their experiences related to this way of working. The translinguistic approach is supported by both theorists and in the current curriculum as resourceful for the pupils' learning processes. Despite this, previous research shows that such approaches are rarely used in multilingual classrooms. It is therefore important to investigate students' experiences on translanguaging in their learning processes within writing.
The study is qualitative where I have used pedagogical design research to gain insight into the students' experiences of translinguistics in their writing. This has involved shaping a translingual teaching plan that I, together with a fellow student, have tried out in two introductory classes. In connection with the design research, I have used student interviews, as well as the collection of student texts and observations as methods. The purpose of the study has been to gain an insight into what translanguaging does for the students in their writing processes, and what can affect their use of translanguaging, to be able to reflect on translanguaging as a pedagogical strategy for these students in their writing within Norwegian education.
It is clear from my findings that the students' linguistic repertoires are important resources in their text productions. The students use translinguistic strategies to support their communication and visualization of ideas and meanings. Some pupils have also used the translanguaging as reinforcement in their text productions and used the translanguaging as a stylistic grip in their texts. The findings also testify that work with translanguaging has helped to stretch several students' awareness of language, and themselves as multilingual writers. At the same time, the findings indicate that stands and previous experiences with multilingualism have an influence on the pupils' use of translanguaging, where some prefer not to use their entire linguistic repertoire in their texts. The findings also show difficulties in accomplishing multilingual texts when they don't have writing skills in any of the languages in which they can think or express themselves in. The results testify to a deficit in working with translanguaging for some in their writing, which affects the implementation of translanguaging in their writing processes. The findings underpin the importance of a change shift in the view of multilingualism in the classroom, where teachers give room to use translanguaging as a means for newly arrived multilingual pupils in their learning, as the findings show the impact it has on these pupils' developments in language, writing and their writing identity.