Leik og leikprega aktivitetar i bokstavinnlæringa. Ein kvalitativ studie av lærarar sine meiningar om og bruk av leik og leikprega undervisning i bokstavinnlæringa på 1. trinn
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3148521Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet med denne masteroppgåva er å utvikle kunnskap om korleis lærarar tek i bruk leik og leikprega undervisning i bokstavinnlæringa på 1. trinn. I arbeidet med seksårsreforma i L97 såg ein at norske skular ikkje lukkas med å inkludere leik hos dei yngste elevane i den grad dei ynskte når denne trådde i kraft (Haug, 2015, s. 408). Også når LK06 blei presentert, såg ein at fokuset på leik blei mindre, og at testing fekk ein større plass i skulen enn tidlegare (Palm et al., 2018, s. 17–19). Etter at det nye kunnskapsløftet LK20 kom på plass, endra no fokuset på leik seg igjen, til det positive (Utdanningsdirektoratet, 2020, s. 1). Etter mange år med læreplanar som hadde lite fokus på leik, viser forsking at lærarar ynskjer å inkludere leik i skulen, men er usikre på korleis dei skal inkludere leik i undervisninga for elevane (Bjørnestad et al., 2023, s. 133). Difor er det viktig å vite noko om korleis lærarane stiller seg til leik i undervisninga, og kva arbeidsmåtar dei vel å inkludere.
Denne studien har eit kvalitativt forskingsdesign. I studien er det nytta ein kombinasjon av observasjon og intervju hos to lærarar i kvar sin 1. klasse, som underviser i norskfaget. Datamaterialet består av observasjonsnotat på høvesvis 90 og 120 minutt med observasjon, og transkriberte intervju av lærarane på 6 og 13 sider. Ved å nytte desse metodane, belyser denne studien følgjande problemstilling:
Kva syn har lærarar på det å bruke leik og leikprega aktivitetar i norskfaget, og korleis brukar dei leik og leikprega aktivitetar knytt til bokstavinnlæringa på 1. trinn?
Overordna viser studien at lærarane har eit stort fokus på å bruke leik i undervisninga si, og at dei gjer ulikt ved gjennomføringa av dei ulike læringsaktivitetane. Mine funn viser at lærarane synest det er viktig og verdifullt å nytte leik og leikprega aktivitetar i undervisning retta mot bokstavinnlæringa, men at arbeidsmåtane lærarane legg vekt på i intervjuet, skil seg frå arbeidsmåtane lærarane faktisk nyttar i observasjonen. Dei leikprega aktivitetane som er brukt i klasserommet har også ulik grad av lærar- og elevstyring, samstundes som at intervjuet viser at initiativet til leik også kan vere ulikt. Kunnskap om viktigheita med å inkludere leik i eit læringsperspektiv på lik linje som den frie leiken, verkar i denne studien til å vere avgjerande for arbeidsmåtar som blir valt i klasserommet. Abstract
The purpose of this master's thesis is to develop knowledge about how teachers use play and play-based teaching in letter learning in 1st grade. In the work on the six-year reform in L97, it was observed that Norwegian schools failed in including play among the youngest students to the extent desired when it came into effect (Haug, 2015, p. 408). Also, when LK06 was introduced, there was a decrease in the focus on play, with testing taking a greater place in schools than before (Palm et al., 2018, p. 17–19). With the implementation of the new curriculum, LK20, the focus on play changed again, this time in a positive direction (Utdanningsdirektoratet, 2020, p. 1). After many years of curricula with little focus on play, research shows that teachers want to include play in schools but are unsure how to incorporate it into student instruction (Bjørnestad et al., 2023, p. 133). Therefore, it is important to understand how teachers perceive play in instruction and what methods they choose to include.
This study employs a qualitative research design. It combines observation and interviews with two teachers in each of their 1st-grade classes, teaching Norwegian language arts. The data consist of observation notes totalling 90 and 120 minutes respectively, along with transcribed interviews with the teachers spanning 6 and 13 pages. By using these methods, this study addresses the following research question:
What are teachers' views on using play and play-based activities in teaching Norwegian, and how do they use play and play-based activities related to letter learning in first grade?
Overall, the study indicates that teachers have a strong focus on incorporating play into their instruction and that they vary in their implementation of different learning activities. My findings show that teachers consider it important and valuable to use play and play-based activities in instruction focused on letter learning. However, the methods emphasized by teachers in interviews differ from those observed in practice. The play-based activities used in the classroom also vary in the degree of teacher and student control, while the interviews indicate differences in the initiation of play as well. Understanding the importance of including play in a learning perspective, like free play, appears to be crucial for the methods chosen in the classroom according to this study.