Seksuelle overgrep. Barnehagelæraren sitt ansvar etter mistanke om seksuelle overgrep mot barnehagebarn
Bachelor thesis
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2496856Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Føremålet til denne oppgåva var å finne ut korleis barnehagelærarar arbeider med barn som har vore utsett for seksuelle overgrep. Eg var nyfiken på kva ein kunne gjere i barnehagen, og korleis møte barnet etter der er mistanke om seksuelle overgrep. Etter endringar i prosessen, vart problemstillinga mi: «Kva legg barnehagelærarar vekt på i arbeid med barn der det er mistanke om seksuelle overgrep?»
Etter det eg har funne, er det lite forsking på temaet seksuelle overgrep, og eg voner denne oppgåva kan vere med å skape openheit om temaet, og kanskje også vidare forsking. Eg har presentert teorigrunnlag for kva barnehagelæraren er pliktig til å gjere etter mistanken, forklart seksuelle overgrep, og kva konsekvensar det kan ha for barna seinare i livet. Dette er noko av grunnlaget for kvifor eg har vald seksuelle overgrep som tema for bacheloroppgåva.
Vidare har eg skrive om skam og tabu i forhold til seksuelle overgrep, før eg presenterte sentral teori i høve oppgåva. Deretter skreiv eg kapittelet om metodevalet mitt, og neste kapittel er presentasjon av informantane mine og datamaterialet. Sentrale funn handla om tryggleiken til barnet, og det var viktig for barnehagen å skape ein vanleg kvardag for barnet i barnehagen. Vidare tok eg føre meg drøfting og refleksjon kring funna mine sett i lys av relevant teori.