Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMyrene, Elisabeth Kirsten Haddal
dc.date.accessioned2018-05-03T06:53:04Z
dc.date.available2018-05-03T06:53:04Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2496874
dc.description.abstractBakgrunnen for denne oppgåva er auka forståing for kor viktig det er at personale og minoritetsspråklege foreldre forstår kvarandre. Det kan lett oppstå mistydingar når partane i ein dialog ikkje nyttar felles språk. Rammeplan for barnehagen forpliktar personalet å legge til rette for ein god dialog med foreldra (KD. 2017, s .29). Foreldre som ikkje forstår språket som vert nytta, må difor få støtte i dialogen. På bakgrunn av dette er problemstillinga for oppgåva: Korleis legg barnehagelærar til rette for god kommunikasjon med minoritetsspråklege foreldre i bringe- og hentesituasjonar? Kvalitativ metode er nytta for å samle inn data, og det er gjennomført semistrukturert intervju med tre barnehagelærarar med leiaransvar. Alle tre har samarbeid med minoritetsspråklege foreldre. Funn viser at språkproblem er største utfordringa i samarbeidet med dei foreldra som har gjort landebyte. Kommunikasjon med dei som ikkje nyttar same språk tek meir tid, enn kommunikasjon der ein nyttar felles språk. Ved behov nyttar informantane kommunikativ støtte i dialog med framandspråklege. For å få eit best mogleg samarbeid med denne foreldregruppa, er det viktig at personalet ser etter ressursar hos foreldra, i staden for å leite etter vanskar. Dette er ei ressursorientert tilnærming som i stor grad handlar om respekt, tillit og tid.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.subjectbarnehage, minoritetsspråk, samarbeid, foreldre, kommunikasjon, dialog, kvalitativ metodenb_NO
dc.titleKommunikasjon i samarbeidet med minoritetsspråklege foreldrenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Pedagogiske fag: 280nb_NO
dc.source.pagenumber41nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel