Kjønnsidentitet i barnehagen. Korleis kan foreldres haldningar påverke barnehagen sitt arbeid med kjønnsidentitet?
Abstract
I denne oppgåva har eg gjeve svar på følgjande problemstilling: Korleis kan foreldres haldningar påverke barnehagen sitt arbeid med kjønnsidentitet? For å gi svar problemstillinga, har eg gjennomført dokumentanalyse av tre dokument, to norske studiar og ein svensk studie. Deretter har eg presentert funn, og drøfta funna med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlaget mitt. Funna eg gjorde var i all hovudsak at informantane i dei norske studiane skildra eit meir utfordrande foreldresamarbeid med meir motstand frå foreldra, enn informantane i den svenske studien. Dette funnet tek eg med meg vidare inn i drøftinga. I drøftingsdelen drøftar eg rundt temaa foreldresamarbeid, ulike diskursar knytt til kjønnsidentitet og foreldra sine haldningar som fremjande eller hemmande for barnehagen sitt arbeid med kjønnsidentitet. Til slutt oppsummerer eg, og kjem med ein konklusjon med svar på problemstillinga mi.